Ny kunnskap om solcellebrannsikkerhet!

Publisert (Nyheter)

FRIC har undersøkt korleis brannrisikoane forbunde med solcelleinstallasjonar på bygg vert ivaretatt i det norske regelverket for bygningar og elektriske installasjonar, og i prosjekteringa av dei enkelte bygga. Både bygningsintegrerte BIPV og utanpåmonterte BAPV installasjonar er med i undersøkelsen.

Kunnskapen er innhenta gjennom intervju med aktørar i byggebransjen og gjennomgang av brannkonsept for 5 ulike bygningar. Resultata viser at det er gap mellom byggeforskrifta og forskrifta for elektrotekniske installasjonar. I nokre tilfelle er ikkje brannrådgivarane kjent med at det skal installerast energisystem med solcellemodular på bygget og det er difor ikkje vurdert i forbindelse med utarbeidinga av brannkonseptet. Risikoreduserande tiltak er då kanskje utarbeida av andre, og for solcelleinstallasjonen som eit separat element utan vurderingar av andre branntryggleikstiltak i bygget og konstruksjonen bak/under. Dette kan resultere i at branntryggleiken for bygget ikkje er heilhetleg vurdert og ivaretatt.

Arbeidet er ein del av FRIC prosjekt 4.4 Bygningsintegrerte energisystemer og SMART-teknologi.   

Resultatene frå prosjektet er publisert i det vitskaplege tidsskriftet Fire Technology og vart også presentert på SFPE Europe 2023-konferansen i Berlin.

Link til artikkel: https://link.springer.com/article/10.1007/s10694-023-01420-9

Foto: SINTEF AS 

fric-pv-fire-safety-paper-1